Sund KrF tar sikte på å doble kommunestyregruppa si i neste periode. Vi har kun hatt ein representant inne dei siste fire åra, men vi håpar å auke til to.
Tida framover blir spennande for Sund KrF og for resten av det politiske miljøet i Sund kommune. I september skal innbyggjarane velga nytt kommunestyre, og vi får vite korleis mandatfordelinga blir for dei neste fire åra.
Sund KrF stiller med ei liste med både nye og meir erfarne personar. Her er det mykje god erfaring men og spenstige og nye tankar samla. Vi håpar opptellinga etter valet gjer oss to kommunestyrerepresentantar.
Etter nominasjonen vår sa eg til Vestnytt:
"Eg må smila litt når eg blir referert til som gruppeleiar for KrF. Det er av og til fristande å be om eit gruppemøte med seg sjølv. Eg håpar difor at vi får tillit frå velgarane, og kan bli to, slik at betegnelsen passar litt betre"
Nedanfor finn du vallista vår, og på biletet ser du dei tre øverste kandidatane.
1 Beate Husa
2 Arne Dåvøy
3 Laila Mortensen
4 Magnus Frantzen
5 Esther Storebø
6 Anne Karin R. Unneland
7 Anna Botilde Rogne
8 MArit Børnes
9 Gerd Dåvøy
10 Fredrik Mortensen
11 Inger Bakke
12 Ingeborg Børnes
13 Kari-Anne Klepsvik
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar