mandag 22. november 2010

Skulestrukturen i Sund

Sund kommunestyre skal ha møte 30. november. Eg har sendt inn ein interpellasjon til dette møtet der eg stiller nokre spørsmål til rådmannen kring framtida til skulane i Sund. Det er ikkje noko nytt at vi diskuterer skulestruktur i Sund. Vi har sju skular, men overføringane frå staten tar utgangspunkt i at me kun burde hatt tre. Det er difor viktig at vi jobbar målretta for å få ein så god og tenleg skulestruktur som mogeleg.

Møtet på tysdag er eit temamøte. Etter at interpellasjonen vart sendt har eg fått vite at eit av emna vi skal ta opp er skule og skulestruktur. Eg har difor trekt interpellasjonen og blitt lova at spørsmåla skal svarast på i møtet.

Spørsmåla som eg vil ha svar på kan du lese nedst i bloggen. Det er kjekt om du har meiningar og kommentarar.

No skal alle partia snart vedta lokalprogram i samband med kommunevalet neste haust. Difor blir diskusjonen på tysdag viktig. Kva grep bør takast for å få den beste skulestrukturen for framtida?


Mine spørsmål til rådmannen:


1) Pollen skule har store behov for vedlikehald/rehabilitering. Kor mange år framover ser rådmannen for seg at det er forsvarleg å drive skule i noverande bygg, utan omfattande utbetring?

2) Kva alternativ ser rådmannen for seg dersom det ikkje er politisk vilje til å bruke store summar på Pollen skule? Kva rolle bør Skogsvåg skule spela i denne samanhengen?

3) FAU på Stranda skule hevder at skulen får 180 elevar neste haust. Dei meiner at kommunen bør byggje skulen for 250 elever med det same, og ikkje ta det i to byggjetrinn slik ein no har planlagt. Kva meiner rådmannen om dette?

4) Kva tankar gjer rådmannen seg om Tofterøy skule no når Stranda skule skal utvidast?

5) Korleis meiner rådmannen at ein optimal skulestruktur i Sund vil sjå ut om 5-10 år dersom ein tek omsyn til befolkningsvekst, godkjente byggjefelt, standard på skulebygg, kapasitet på skulebygg og kommunen sin økonomi?





0 kommentarer: